JAZZOUT: 1982

NILS ØKLAND fele SIGBJØRN APELAND trøorgel ØYVIND SKARBØ trommer

Ein ung og to litt eldre herrer filtrerer folkemusikk gjennom moderne improvisasjon. Konserten markerer slepp av det nye albumet «Pintura» på plateselskapet Hubro. Trioen har hausta enormt gode kritikkar for den stemningsfulle og sjangerlause musikken sin, og var seinast nevnt som ein av dei beste konsertane i 2010 av AllAboutJazz. Som bandet sjølv seier: Fri improvisasjon er ein metode – ikkje ein sjanger!