BAJAZZFESTIVALEN: UNGDOMSKULEN

Grenselaus rock

FRODE KVINGE FLATLAND bass KRISTIAN STOCKHAUS gitar, vokal ØYVIND SOLHEIM trommer

Ungdomskulen er eit band som trass ekstrem teknisk finesse ikkje har gløymd å være dumme. Og her meiner vi dumme i ordets aller mest positive forstand. Kva hadde rocken vore viss den ikkje var dum? Å knusa ein gitar, syngje she loves you yeah yeah yeah, eller å smørje på seg kattesminke, kan vel ikkje seiast å vere direkte smart. Men vi likar det. Ungdomskulen har verken knust gitarar eller sminka seg, men dei kvir seg ikkje for å laga fengande og dansbar musikk for oss.

http://www.ungdomskulen.com

https://www.facebook.com/ungdomskulenband