MARI BOINE

Musikk kan treffa kjensler

Musikk kan treffa kjensler du ikkje eingong visste du hadde. Musikk kan gje meining, men også stunder som ikkje lar seg definera, augneblink som treff ei kjerne, eit primalt instinkt. Musikk kan forvirra men kan også gjera deg glad, oppspilt eller rikare. Og kanskje til og med som eit heilare menneske. Musikken til Mari Boine har denne effekten på folk. Dette er ein akustisk produksjon der ho går tilbake til tidlege røter og framfører materiale frå tidlege plater, men også musikk ho nyleg laga til filmen ”Kautokeinoopprøret.” Mellom låtane fortel Brita Pollan historier og anekdotar om kva samane har måtta tåle frå misjonærar og prester som kom for å skulle ”temme” dette ”demoniske folket”. Dette gjer eit innblikk i det åndelege bakteppet for mange av Mari Boine sine songar. Saman byr de oss på ein sår og djupt rørande vandring i samisk kultur og historie. http://www.myspace.com/boine Etter konserten blir det Musikk på roterommet i Tilbygget.