ØYVIND JAZZFORUM PRESENTERER ???

Kva skjer med musikken når musikarane ikkje veit kven dei skal spele med, og heller ikkje får vite sikkert kven dei har samspelt med før etter konserten er over? Kva gjer det med samspelet at all visuell kommunikasjon er tatt fra dei? Og kva gjer det med publikum at ein ikkje anar på førehand kven ein får høyre, ikkje eingong kva instrument dei spelar?
I samarbeid med Øyvind Jazzforum gir vi publikum no ein unik sjanse til å oppleve improvisasjon i ytterste konsekvens. Musikarar i internasjonal toppklasse møter eit nysgjerrig publikum – og alle veit like lite!