STEIN TORLEIF BJELLA

STEIN TORLEIF BJELLA vokal, gitar KJARTAN KRISTENSEN dobro, gitar H.P. GUNDERSEN steelgitar, gitar MARITA IGELKJØN piano, trekkspill ERIK ØEN bass

Solodebuten Heidersmenn i 2009 hausta applaus hjå kritikarar og publikum, og artisten fekk raskt merkelapp som dei “tause menns talsmann.” Bjella pirkar i eige liv og i det han observerar rundt seg. Det være seg innegubbar, jordsjuke eller at kjærleiken er enklast når han er på avstand. Sidan suksessen med Heidersmenn har ikkje tekstane blitt lystigare, om noko er kanskje melankolien enno meir framtredande med tristvakre viser av heilstøpt kaliber.