LIVELIEN – LÅVESALG

LIVE MARIA ROGGEN vokal HELGE LIEN flygel

Vokalisten frå Come Shine og Helge Lien vitjar oss med eit draumerepertoar av nye og gamle låtar, alle med norsk tekst. Helge har komponert musikk til dikt av mellom anna Andre Bjerke og Hans Børli, dei framfører jazz med originale tekstar og med gjendiktning frå andre språk. Kjent og ukjent musikk vert behandla med like delar respekt og fri boltring der det vert leika med språk og lydar i eit tett kommuniserande duoformat, formidla av to musikarar som verkeleg mestrar kunsten å komma ut over scenekanten i møtet med publikum.

I samarbeid med Rikskonsertene