PAT METHENY UNITY GROUP

ons 7. mai 2014 kl: 21:00 Røkeriet USF
KJØP BILLETT

Ons 07.05.14 Røkeriet USF 380/350/320

Gitarlegende med ny kvintett
PAT METHENY gitar CHRIS POTTER saksofon BEN WILLIAMS bass ANTONIO SANCHEZ trommer GUILIO CARMASSI tangentar/perkusjon

Det einaste føreseielege med Pat Metheny er den skyhøge kvaliteten på det han vel å befatta seg med. Etter å ha leikt seg med mekanisk orkester på Orchestrion og vunne Grammy for baritongitarspelet sitt på What’s it all about, er gitarlegenda på vegen med ny kvartett. Med tenorsaksofon i bandet for første gong sidan80/81 vil fans av ein meir jazza Pat Metheny kunna glede seg ekstra, samstundes som den umiskjennelege melodiske teften som gjer gitaristen unik, pregar låtane. Bunnsolid virtuost og lekker musisering frå ei levande legende.