FINSEJAZZ: HEDVIG MOLLESTAD TRIO

Powerjazz & rockefot

HEDVIG MOLLESTAD gitar TROND FRØNES bass IVAR LOE BJØRNSTAD trommer

Hedvig Mollestad Trio speler i hovudsak eigenkomponert materiale, flankert av musikk frå jazzhistorien med ein eigen twist. Sjangersjongleringa tar bandet innom progrock frå 70-talet i tillegg til element av friare improvisasjon. Mollestad fekk prisen for Årets Jazztalent under Moldejazz i 2009 og danna trioen som eit resultat av dette. Klassekampen skreiv: ”Til dømes var det mykje artigare å høyra elgitaristen Hedvig Mollestad Thomassen fra Ålesund gje jernet i debutkonserten med sin eigen dyktige TRIO enn å høyra Jeff Beck gjennomføra ein rutinejobb.”