THE CORE

JØRGEN MATHISEN saksofon, klarinett KJETIL MØSTER saksofon ERLEND SLETTEVOLL flygel STEINAR RAKNES bass ESPEN AALBERG trommer
The Core er ganske enkelt eit av Noregs mest energiske jazzband, forankra i akustisk, modal jazz frå 60-talet, pimpa med meir moderne groover frå funk, rock og indisk musikk. Musikken er sjenerøs, raus og melodisk, og tar lyttaren med på ei høgoktans energiutladning. Musikarane er mellom dei fremste både nasjonalt og internasjonalt, og har forutan eigne prosjekt bakgrunn frå mellom anna Trondheim Jazzorkester. I 2007 ga dei ut plata «Meditations on Coltrane» i samarbeid med Bergen Big Band.