DOBBELTKONSERT: MORTEN QVENILD SOLO + EIVIND AARSET

MORTEN QVENILD piano, elektronikk

Morten Qvenild er antakeleg mest kjent for å være orkesteret i Susanna and the Magical Orchestra, men har mykje meir å vise til. Han har vore medlem av både Shining og Jaga Jazzist, og  har jobba lenge med Solveig Slettahjells Slow Motion Orchestra og In The Country. No solodebuterar han på Hubro med The HyPer(sonal) Piano der han integrerar elektronikk og flygel. Innovativt og originalt, personleg og oppriktig.

Morten Qvenild live at Kongsberg Jazzfestival 2015. WE FOUND LOVE by Calvin Harris from HyPer(sonal) Piano Video Stream on Vimeo.

EIVIND AARSET

Kontinuerleg innovativ gitarmester

EIVIND AARSET gitar AUDUN ERLIEN bass WETLE HOLTE trommer ERLAND DAHLEN trommer

Som ein av noregs mest etterspurde gitaristar har Eivind Aarset mellom anna jobba med Bill Laswell, Dhafer Youssef og Nils Petter Molvær. Som musikar har han ein unik musikalsk visjon som vert absorbert og reflektert i alt han gjer, enten det er stille og intimt, eller sviande intenst. Debutplata på Jazzland vart omtalt i New York Times som «One of the best post-Miles electric jazz albums,» ein kompliment som Aarset seinare har både innfridd og overgått både i studio og på scena.

Dørene åpner kl 20:00

Billetter: 200,- / 170,- (BT-kort) / 100,- (medlem)

I samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter


RSVP