BERGEN BIG BAND & EVEN KRUSE SKATRUD – SØNDAGSMATINÉ

Bergen Big Band fortsetter med søndagsmatinéar denne høsten. Gratis adgang og utmerket musikk = den perfekte søndags ettermiddag!

Det er klart for sesongens første storband-matiné på USF Verftet søndag 25 september . Storbandets gjest ved dette høve er komponisten, arrangøren og trombonisten Even Kruse Skatrud.

Skatrud er ein travel mann i norsk musikkliv, og har pendla mellom komponist- og arrangørgjerninga, undervising og trombonist i så ulike orkester som Kringkastingsorkesteret, Funky Butt, Denada og Marinemusikken.

I 2005 etablerte Skatrud sitt eige storband, Eveneven Big Band. Dette bandet har stått for den einaste utgjevinga Skatrud har i eige namn. Låten «Good Weather» frå denne CDen klarte 10 veker på Norsktoppen. Dette er ikkje kvardagskost for instrumentalmusikk.

Bergen Big Band har bak seg ein festivalsommar med jobbar på Kongsberg, i København og Praha. Søndagens matiné er den første i ein serie på tre denne hausten. Søndag 13. november er det klart for djupdykk i Don Ellis sitt musikalske univers, og som i fjor spelar Bergen Big band inn jola saman med gode vener sundag 4. desember.

Matinéane er gratis.

Velkomen til storbandmatiné søndag kl. 15:00 i Sardinen USF.