FINSEJAZZ: JØKLEBA

Ditt nye favorittband

 

PER JØRGENSEN trompet, perkusjon, røyst AUDUN KLEIVE trommer JON BALKE tangentar

Smått legendariske Jøkleba rører på seg. Sporadiske konsertar dei siste åra har vist at dei framleis er mellom det viktigaste norsk jazz nokonsinne har produsert. Musikken er improvisert, men samstundes tilgjengeleg; musikarane har eit nær telepatisk samband og musikken kan bli henta frå Lennon/McCartney, Mick Jagger og Mahler såvel som frå eige hjarte.