BAJAZZFESTIVALEN 2015, Søndag

RAZIKA

(KLOKKEN 12:30 & KLOKKEN 15:00)

Godt for hjertet

MARIE AMDAM vokal, gitar MARIE MOE bass MARIA RÅKIL gitar, vokal EMBLA KARIDOTTER trommer, vokal

Ein dose punk og nyveiv frå 80-talet, frisk indiepop og ska som kan få The Specials til å raudne, deilige poprefreng og heftig energi frå scena. Dei fire bergensarane i Razika har klart kunststykket å laga musikk som er både umiddelbar og slitesterk, der tekstane er morosame, såre og sinte. «En god melodi får pulsen til å stige brått, men skal blodpumpen virkelig løpe løpsk bør musikken også bære i seg følelser det er umulig å være likegyldig til. Dette har Razika skjønt på sitt tredje og beste album. Det er sjelden man får høre en så rendyrket, poppete rockeplate.» (Bergens Tidende – terningkast 6)

razika002

 

 

OPPNEDBASS

(KLOKKKEN 11:30 & KLOKKEN 14:00:)

Finn din indre romsdaling

OLAV KRISTISETER song, gitar, ymse IVER SANDØY song, trommer, ymse INGE RYPDAL song, gitar ymse

Oppnedbass er tre romsdalingar som har søkt eksil i Bergen – namnet og mykje av tekstmaterialet kjem frå tida i (den oppdikta) heimbygda Rætvåg då dei dreiv og øvde i fjøset. Ein sambygding meinte dei måtte slutte med brølemusikken. Det høyrdest ut som dei spela opp ned på instrumenta. Namnet vart hengjande ved dei, sjølv om medlemane har vist at dei verkeleg kan traktera instrumenta sine i band som Emmerhoff & The Melancholy Babies, Manngard, Trincria og Turbostipend. Rappkjefta tekster, rockete gitarer og råe arrangement.

Oppnedbass

 

 

 

 

TROMMESNIRKEL

(KLOKKEN 12:00 & KLOKKEN 14:30:)

Finn den magiske tromma!

PABLO TELLEZ, OLE KRISTIAN EINARSEN, ASTRID LINNEA ØSTERHOLT, BENJAMIN MELLINGEN THUEN, THEA STEINMO HÆRNES, MARTIN LEKNESUND HANSEN

Musikkterapistudentar ved Griegakademiet presenterer ei aktivitetsførestilling for born, der dei i samspel med bandmusikarar musiserer i trommesirkel. I jungelen møter vi iki-tikistammen som er på leit etter den magiske tromma. Gjennom musikk skal borna kommunisera med iki-tikiane og komma seg gjennom jungelen. Handlinga blir satt saman av teikningar borna sjølv har laga. Førestillinga høver for aldersgruppa 5 – 11 år og krever ingen førehandskunnskapar.

531127_296982383745002_715265002_n

 

 

ÅSHILD KANSTAD JOHNSEN

teikneverkstad (FRA KLOKKEN 11:00)

Åshild Kanstad Johnsen er eit nytt stjerneskot på illustratørhimmelen. Ho er født i Bergen, og er prisløna forfattar, illustratør og biletkunstnar. Ho debuterte som barnebokforfattar med biletboka «Kubbe lager museum» i 2010. Boka vant sølv i klassen «Billedbok» i Årets vakreste bøker i 2011.
Under Bajazzfestivalen har ho teikneverkstad begge dagar.

Åshild Kanstad Johnsen

 

 

For femte gang blir barnejazzfestivalen «Bajazzfestivalen» arrangert av Bergen Jazzforum. For første gang har vi flyttet hele festivalen og inntar Østre i Østre Skostredet. I år er det fire artister som står for underholdningen lørdag 12. september og søndag 13. september. Arrangementet passer for barn mellom 0 og 10 år. Ta med familien og ha det gøy til ekte kvalitetsmusikk fra scenen!

Bajazz er Bergen Jazzforum sin konsertserie myntet på barn og barnefamilier.  Intensjonen er å tilby opplevelser noe utenom den masseeksponerte barneunderholdningen og fremme tidlig rekruttering til musikkfeltet. Musikerne er profesjonelle og vektlegger en åpen og musikalsk kommunikasjon med barnet. Bajazz er en idealistisk ikke-kommersiell virksomhet drevet av Bergen Jazzforum.


RSVP