Bajazzprogrammet for våren 2016 er klart!

Hver første søndag i måneden fra februar av blir det Bajazzkonserter på USF Sardinen. Vi har booket topp musikere til å gjøre 3 flotte konserter for familier med barn mellom 0 og 10 år. Alle konsertene blir en del av USFs Familiedag med masse av aktiviteter på hele kulturhuset. Neste år har vi også satt opp to forestillinger av hver konsert slik at det blir bedre plass for alle som vil gå på konsert. Det er likevel et tak på antall tilgjengelige billetter pr. konsert – det er lurt å kjøp billetter på forhånd. Vi håper det gir en enda bedre opplevelse for hele familien.

Billetter kjøper du via denne lenken.

 

LEKEROMMET
Søndag 7. februar kl 12:30 og kl 14:00 på USF Sardinen

KAROLINE WALLACE vokal, synth PETTER ASBJØRNSEN kontrabass HÅVARD FUNDERUD trombone, synth, diverse

«Kyllingen som ikke kunne synge» er ei historie om den fisefine kyllingen som var lei av det skitne livet på bondegarden. Han drøymer om ein dag å få bu på sjølvaste slottet, langt vekke frå grisebæsj og hestepromp. Dette vil han få til ved å smelta kongens hjarte med vakker song. Problemet er at kyllingen ikkje kan syngje. Lekerommet lagar førestillingar for born og familiar, og alle har bakgrunn frå jazzlinja på Griegakademiet i Bergen. Historiene og musikken er sjølvskrive med mål om å skapa dansbar, songbar og spanande ny musikk for born.

DU OG JEG OG VI – TO – TRE – FIR
Søndag 6. mars kl 12:30 og kl 14:00 på USF Sardinen

ELLEN BREKKEN lavfrekvente instrumenter, bassgreier JULIE FALKEVIK TUNGEVÅG tangentar

Når Julie og Ellen drar ut på tur med ”Du og jeg og vi 2-3-4” tar dei med seg mange rare instrumenter, og inviterer store og små inn i et leikent og groovy univers. Ellen Brekken er frå Tynset, er utdanna ved Noregs Musikkhøgskule, og speler både kontrabass, el-bass og tuba. Ho speler med Hedvig Mollestad Trio, Caledonia Jazzband og folkemusikkgruppa MAAR. I tillegg jobbar ho mykje frilans, blant anna med Åsmund Nordstoga, Espen Ruud, Jens Wendelboe og på Oslo Nye Teater. Ellers er ho også ofte å finne på oppdrag for både Nathionaltheateret og Rikskonsertane.
Julie Falkevik Tungevåg er frå Måløy, er utdanna ved Utøvende Rytmisk Linje ved Universitetet i Agder og speler piano og keyboard. Hun speler i band som Anette Askvik, Material Girls og Analog Story. Hun har jobba som teatermusikar på Kilden teater og konserthus, og også skrive filmmusikk til kortfilmen Prolog. I tillegg til å jobbe mykje frilans, med mellom andre Hanne Sørvaag, Tine Skolmen og Martin Halla, jobbar hun også som pedagog i Oslo musikk- og kulturskole.

EVENTYRET OM MAJA OG DEN GLEMTE MUSIKKEN
Søndag 3. april kl 12:30 og kl 14:00 på USF Sardinen

TORBJØRN NETLAND gitar EDVARD MJANGER kontrabass MATS MÆLAND JENSEN trommer

Det var ein gong tre musikarar som heitte Torbjørn, Edvard og Mats. Dei var så glade i eventyr at dei ville lage si eiga fortelling. «Eventyret om Maja og den glemte musikken» vart til ein mørk og kald vinterkveld då dei tre sat mutters åleine på ei hytte høgt til fjells. Sidan dei alle hadde jazzutdanning frå Bergen og Trondheim, kunne dei fargeleggje eventyret med rytmer, klangar og improvisasjonar. Og snipp, snapp, snute, så var ei forestilling i rute!Maja bur i eit land som er kaldt og stille. Slik har det vore så lenge nokon kan hugse. Frå ho var lita har ho høyrt eit eldgamalt sagn om den dagen den tjukke tåka kom og skugga for sola, og om dei kalde vindane som bles all glede ut av landet. Det var den same dagen musikken forsvann…. Maja gjev seg i veg for å finne att musikken, som i følgje sagnet har ei magisk evne til å gjera folk friske og glade. Men, då treng ho hjelp frå alle ho møter på si vandring.Eventyret er lest inn av Claus Sellevoll, og illustrasjonane er laga av Gunvor Rasmussen.