BAJAZZ: EVENTYRET OM MAJA OG DEN GLEMTE MUSIKKEN

søn 3. apr 2016 kl: 14:00 Sardinen USF
KJØP BILLETT

TORBJØRN NETLAND gitar EDVARD MJANGER kontrabass MATS MÆLAND JENSEN trommer

Det var ein gong tre musikarar som heitte Torbjørn, Edvard og Mats. Dei var så glade i eventyr at dei ville lage si eiga fortelling. «Eventyret om Maja og den glemte musikken» vart til ein mørk og kald vinterkveld då dei tre sat mutters åleine på ei hytte høgt til fjells. Sidan dei alle hadde jazzutdanning frå Bergen og Trondheim, kunne dei fargeleggje eventyret med rytmer, klangar og improvisasjonar. Og snipp, snapp, snute, så var ei forestilling i rute!

Maja bur i eit land som er kaldt og stille. Slik har det vore så lenge nokon kan hugse. Frå ho var lita har ho høyrt eit eldgamalt sagn om den dagen den tjukke tåka kom og skugga for sola, og om dei kalde vindane som bles all glede ut av landet. Det var den same dagen musikken forsvann…. Maja gjev seg i veg for å finne att musikken, som i følgje sagnet har ei magisk evne til å gjera folk friske og glade. Men, då treng ho hjelp frå alle ho møter på si vandring.Eventyret er lest inn av Claus Sellevoll, og illustrasjonane er laga av Gunvor Rasmussen.

To forestillinger, kl 12:30 og kl 14:00.

Bajazz er Bergen Jazzforum sin populære konsertserie myntet på barn og barnefamilier. Målgruppen er fra spedbarn til 10 år, og har som intensjon å tilby opplevelser noe utenom den masseeksponerte barneunderholdningen og fremme tidlig rekruttering til musikkfeltet. Musikerne er profesjonelle og vektlegger en åpen og musikalsk kommunikasjon med barnet. Bajazz er en idealistisk ikke-kommersiell virksomhet drevet av Bergen Jazzforum.

Billettprisene er kr 80,- for voksne og barn, men barn under 2 år kommer gratis inn.

Forestillingen er produsert i samarbeid med Hordaland Fylkeskommune.

Kjøp billetter her: ticketco.no


RSVP