FINSEJAZZ: HARR & HARTBERG

lør 30. jan 2016 kl: 21:30 Finse1222
KJØP BILLETT

THORBJØRN HARR vokal, saksofon  ASLAK HARTBERG kontrabass, loopmaskiner

Skodespelar Thorbjørn Harr og bassist, komponist og Klovner i Kamp-vokalisten Aslak Hartberg er jazzduoen Harr & Hartberg. Sjølv om begge er mest kjend for andre prosjekt, deler dei ei glødande interesse for jazz – Harr har drive med musikk heile livet som saksofonist og vokalist – medan Hartberg er sertifisert jazzbassist, medstiftar av Shining og i mange år fast bassist for Jon Eberson. I duoformat framfører dei tekstar av Lars Saabye Christensen, som dei jobba saman med i «Chet spiller ikke her.» Harr fekk i fjor internasjonalt gjennombrot i tv-serien Vikings, medan Hartberg etter lang pause er attende med Klovner I Kamp.


RSVP