PIXEL

Powerhouse Indie-Jazz – kompleks & lettlikt

ELLEN ANDREA WANG bass, vokal HARALD LASSEN saksofon JONAS KILMORK VEMØY trompet JON AUDUN BAAR trommer

Kombinasjonen av indierock-energi og distinkt jazzfleksibilitet gjer Pixel til noko forfriskande unikt. Gjennom ein estetikk meir forbunde med rockeband representerer dei ein ny generasjon jazzmusikararar med ein visjon der sjanger er noko som skjer andre. Det er snart tre år sidan gjennombrotsalbumet We Are All Small Pixels fekk fire stjerner i Down Beat, havna på ei rekkje «Årets-lister,» og singelen Call Me vann pris under UK MusicVideo Awards – mest sannsynleg som historias første jazzband. Den akustiske gruppa spelte 80 konsertar på pop og jazzfestivalar i Noreg og Europa i løpet av 2014, og har følgjarar over heile verda.
I spissen finn vi profilert soloartist og meisterbassist Ellen Andrea Wang som mellom anna har gjesta oss tidlegare i duo med Thea Hjelmeland; og Harald Lassen, som også har parallell suksess med Mopti og Duplex.  Erling Wicklund i NRK: «Pixel er garantert morgendagens store norske jazz- og popverdenssensasjon!»

Golden Years på Spotify og iTunes.

 

Billetter: 220,- / Student: 170,- / Medlem: 170,-

Bli medlem i Bergen Jazzforum via våre hjemmesider: https://bergenjazzforum.no/?page_id=937

RSVP