BERGEN BIG BAND – «KURIA SUITE»

fre 5. feb 2016 kl: 21:00 Sardinen USF
KJØP BILLETT

Sleppefest for Kuria Suite

KNUT KRISTIANSEN tangenter LARS STORCK perkusjon FRANK JAKOBSEN perkusjon IVAR KOLVE vibrafon/marimba OLE THOMSEN gitar MAGNE THORMODSÆTER bass IVAR THORMODSÆTER trommer JAN KÅRE HYSTAD sax ELISABETH LIED TRØEN sax MICHAEL BARNES sax OLE JACOB HYSTAD sax BJØRN STRAND sax ARE OVESEN trompet HANS MARIUS ANDERSEN trompet ROBIN KOCK trompet TANCRED HUSØ trompet ØYVIND HAGE trombone SINDRE DALHAUG trombone KJELL ERIK HUSOM trombone HÅVARD FUNDERUD trombone

I 1990 vart Knut Kristiansen engasjert i å dokumentera musikken til Kuria-folket, heimehørande i Nyanza, Kenya. Då han i 2011 vart spurd om å skriva eit tingingsverk for Bergen Big Band til Vossa Jazz, valde han å bruka denne musikken, noko som resulterte i Kuria Suite. Endeleg er stykket spelt inn på plate, og i høve utgjevinga er dette ein unik sjanse til å oppleva unik musikk frå scena.
At Bergen huser ein av dei fremste tolkarane av Monk i Europa er ein vesentleg, men ikkje utfyllande del av historia om Knut Kristiansen – undervegs har han lagt grunnlaget for eit yrande jazzliv og musikkundervisning i byen, starta storband og vore (og stadig er!) ein vesentleg formidlar av afrikansk og latinamerikansk musikk. Han vann Buddyprisen i 1983 og Vossajazzprisen i 1990.
Bergen Big Band (BBB) blei skipa i 1991 som ei vidareføring av Bergen Band, og har som målsetjing å vera blant dei beste og viktigaste storbanda, både nasjonalt og internasjonalt.

Billetter: 200,-/170,- (BT-fordel)/100,-(medlem)
Dørene åpner kl 20:00, konsertstart kl 21:00

Bli medlem i Bergen Jazzforum via våre hjemmesider: https://bergenjazzforum.no/?page_id=937

Konserten gjennomføres i samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter.