SOLVEIG SLETTAHJELL, KNUT REIERSRUD MED IN THE COUNTRY «TRAIL OF SOULS»

fre 21. okt 2016 kl: 21:00 Sardinen USF
KJØP BILLETT

SOLVEIG SLETTAHJELL vokal KNUT REIERSRUD gitar MORTEN QVENILD piano ROGER ARNTZEN bass PÅL HAUSKEN trommer

Gullrøysta Solveig Slettahjell og bluesasylant Knut Reiersrud møter In The Country til vakker og melodisk kappestrid som Trail Of Souls. Dei møttest på scena saman med Berlinfilharmonien i 2014 og bestemte seg for å fortsetja samarbeidet vidare, noko som resulterte i den kritikarroste plata med same namn. Musikken er eit djupdykk i den afroamerikanske blues- og gospeltradisjonen med musikaranes særeigne signatur.
Solveig Slettahjell har vi møtt som frontfigur i hennar eige Slow Motion Orchestra; Knut Reiersrud høyrer vi på radio kvar laurdag, samt med eit unikt gitarsærpreg på haugevis av plater dei siste tjue åra – Frå Morten Harket til Sondre Bratland. In The Country har nyleg samarbeidd med Frida Ånnevik om å tonesetja Hans Børli-dikt, noko som endte med Spellemannominasjon for albumet Skogenes Sang.

Billetter: 320,- / BT-fordel & Dealpass: 255,- / Medlem: 220,-

Kjøp medlemskap i Bergen Jazzforum!

Konserten i samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter

 


RSVP