FINSEJAZZ 2017

Norges høyestliggende jazzfestival har holdt til på Finse 1222 siden 1996. I 2017 er det 21. gang vi arrangerer denne fine helgen i samarbeid med Finse 1222. Gjennom den lange historien har vi hatt besøk av Hot Club de Norvège, Nils Petter Molvær, Come Shine, Paal Nilsen Love, Knut Reiersrud, Susanna Wallumrød, Real Ones, Per Zanussi og Stein Torleif Bjella – for å nevne noen. I slutten av januar fylles hotellet med jazzinteresserte, turglade gjester. Konserter og skiturer, god mat og sosialt lag – dette er en helg du bør være tidlig ute med å bestille.

Fredag, 27. januar:

Arild Andersen – Rose Window

ARILD ANDERSEN bass HELGE LIEN piano GARD NILSEN trommer

Basslegenda Arild Andersen var ein av femten utvalde europeiske musikarar som fekk delta i konsertserien «European Jazz Legends» der The Chosen Ones spelar kvar sin konsert som etterpå blir cd på plateselskapet Intuition. I april 2016 tok Andersen med seg Gard Nilssen (Puma, Starlite Motel, Susanne Sundfør) og Helge Lien (HL Trio, Live Maria Roggen) til Tyskland der konsert og seinare cd har fått flott omtale. «The Rose Window er nok en bekreftelse på hvilken enorm standing Arild Andersen har også utenfor våre egne grenser. Det er også en bekreftelse på hvilken enorm musikant han er på alle slags vis. Vi snakker legende – ferdig snakka.» (Tor Hammerø)

photo-d-clark

Foto: D. Clark

Lørdag, 28. januar: 

Erlend Apneseth Trio

ERLEND APNESETH hardingfele STEPHAN MEIDELL gitar, elektronikk ØYVIND HEGG-LUNDE trommer, perkusjon

Då hardingfelevirtuos Erlend Apneseth debuterte med Blikkspor, var det ei blanding av slåttar og impro som sto side ved side. No har han tatt steget inn i eit ope landskap i ein trio med brei erfaring frå improvisasjon og rock. Bandleiaren er ein av landets fremste unge felespelarar, opptrer i A-klassen under Landskappleiken, har vore solist med Bergen Filharmoniske Orkester og har etterkvart mottatt nok prisar til å gjera støvtørking på ei peishylla ei komplisert affære. Han står meg begge beina i norsk tradisjonsmusikk, men – med klangane frå hardingfele og folkemusikken – søkjer han inn i improvisasjonen. Undervegs har han prøvd å temja to notoriske bråkebøtter frå den bergenske undergrunnen  – Hegg-Lunde (Building Instrument) og Meidell (Krachmacher, Cakewalk) – til eit sluttresultat som er langsamt, vakkert og unikt.

3iob-001_3500

Erlend Ropstad (solo)

ERLEND ROPSTAD vokal

Etter at spellemannsnominerte Erlend Ropstad flytta tekstuniverset sitt frå England til heimbygda i Vennesla, har tapt kjærleik og evig utilstrekkelegheit vore gjennomgangstema. Formidlinga kjem på eit diskret sørlandsk språk der kjerna i songane dreier rundt det usagte og ugjorte, og den musikalske inspirasjonen kjem frå turbulente ungdomsår i Vennesla med Bruce Springsteen og Lou Reed, til dei minst like turbulente vaksenåra med Thåström og Håkan Hellström.
«En norsk Jack White» (Dagbladet)

Erlend Ropstad, 2015. Foto: Marthe Amanda Vannebo

Foto: Marthe Amanda Vannebo

Team Hegdal

EIRIK HEGDAL saksofoner GARD NILSSEN trommer OLE MORTEN VAAGAN bass ANDRE ROLIGHETEN saksofon

Cool, cool jazz formidla av fire framifrå musikarar. Team Hegdal er originalt og kreativt, gnistrande og swingande. Musikken er i hovudsak skrive av Eirik Hegdal og er inspirert av Ornette Coleman og Olivier Messiaen sitt musikalske univers. Bandet har bakgrunn frå mellom anna Albatrosh, Puma, Trondheim Jazzorkester og Lord Kelvin. Undervegs har superbassist Ole Morten Vaagan frå Motif og Gamalgrass blitt ein del av bandet. «Team Hegdal er en tøff, samspilt kvartett som viser den mest utadvendte siden ved Hegdals musikalske personlighet.» (Adresseavisa)

team-hegdal-4-thor-egil-leirtro

Foto: Thor Egil Leirtrø

MADS BERVEN SOLO SESSION

Mads Berven har gjort seg bemerket med en rekke ulike prosjekt innen elektrisk, elektronisk og akustisk musikk. Berven leverte seinest meget god stemning på Bergen Jazzforum var med Bajazz-konserten Bervens Julelåteri i desember 2016.

Bervens siste prosjekt viser en annen side av gitaristen, og har et kontemplativt uttrykk hvor han henter idéer fra klassisk gitarmusikk, americanajazz og den særnordiske jazztradisjonen.

Bervens referanser i Solo Session strekker seg fra blant annet komponistene Villa Lobos og Leo Brauer, til Bill Frisell og Marc Ribot

IMG_1110

Foto: Jonas Bostrøm

Du kan bestille rom på epost til booking@finse1222.no eller via hjemmesiden til hotellet.

Arrangements foto: Jan Tore Skråmestø


RSVP