Bajazzfestivalen 2017 – dag 1: Tingingsverket HYSJ + Meg og kammeraten min

2. og 3. september er det klart for ein ny Bajazzfestival!

I år flytter me til trivelege Cornerteateret på Kong Christian Fredriks Plass 4 på Møhlenpris.

Billettar er allereie i salg, og kan kjøpast ved å følge denne linken: http://bjf.ticketco.no/bajazzfestivalen_2017.

Kunstnaren Marie Hjelmerud står bak plakatar og illustrasjonar til årets festival, som vert arrangert for sjuande gong. Bajazzfestivalen er ein musikkfestival for born og vaksne arrangert av Bergen Jazzforum.

LØRDAG 2. SEPTEMBER
11.30 – Dørene åpner
12.00 – Kongesalen åpner
12.30 – HYSJ – Et bestillingsverk av Crab is Crap (Kongesalen)
13.15 – Tegneverksted (Swingtrappa, 2. etasje)
13.45 – Meg og kammeraten min (Kongesalen)

HYSJ – eit tingingsverk av Crab is Crap

ØYVIND SKARBØ musikar, komponist ØYVIND HEGG-LUNDE musikar, komponist FREDRIK RYSJEDAL illustratør HANS-OLAV MOLDE lyddesign ØYVIND HILLESTED lysdesign

Barn trivst godt når det er mykje lyd. Foreldra er ofte mindre begeistra; Demp deg! Skru ned! Ingen synging ved bordet!
Konsertforestillinga HYSJ handlar om lydane rundt oss. Vi følger dei to grenselause trommeslagarane Øyvind-lys og Øyvind-mørk gjennom eit døgn. Grensene vert utydelege… mellom lyd og stille, mellom bråk og musikk, og mellom fantasi og verkelegheit.
HYSJ utfordrar oss til å verkeleg lytte.

Crab is Crap er ein duo som vart starta for å undersøke om det gikk an å lage musikk med berre trommer. Bak bandet finn me to blad Øyvind; Skarbø og Hegg-Lunde. Dei to er kjende frå ei lang rekke band, og har lang fartstid som drivande dyktige karar. Namnet er visstnok henta frå ein uttalelse frå ei gambisk husmor som høglytt proklamerte at krabber, det var noko drit.

https://www.facebook.com/bajazzbergen/videos/1275523589226427/

Meg og kammeraten min

MARTIN HAGFORS (Meg) ERIK JOHANNESSEN (Kammeraten).

Martin har lang fartstid som respektert låtskrivar, Erik som trombonist og multiinstrumentalist frå blant andre Jaga Jazzist og Trondheim Jazzorkester. Saman så skaper dei ei speleglede og entusiasme ein skal leite lenge etter. I fjor kom det tredje albumet «Gjenta-jenta» som fekk strålande kritikkar, ei plate som får fram både humring og gåsehud ifølge enkelte anmeldarar.

Det er med stor glede at Meg og kammeraten min vert ynskt velkomen attende til Bajazz!

Bli betre kjent med dei her www.megogkammeratenmin.no/ eller hør dem her.

Meg og Kammeraten Min. Foto: Marthe Amanda Vannebo

 

RSVP