TRONDHEIM VOICES

SISSEL VERA PETTERSEN  TONE ÅSE  ANITA KAASBØLL  TORUNN SÆVIK  MIA MARLEN BERG  LIVE MARIA ROGGEN  HEIDI SKJERVE røyst, live elektronikk ASLE KARSTAD, maccatrol, lyddesign

Kvar for seg har dei suksess mellom anna med Trondheim Jazzorkester, Bladed,  Come Shine og BOL. Saman utforskar og utfordrar dei kva som er mogleg å få til med røysta. Trondheim Voices består av nokre av Noregs mest profilerte vokalistar, og har gjennom dei siste 10 åra satt nye standardar for kva eit vokalensemble kan vere. Gjennom bruk av ny teknologi og samarbeid med andre kunstuttrykk, har ensemblet vore banebrytande for utviklinga av kollektiv vokal-improvisasjon, og  fortset å føra sjangeren til nye stader, mellom anna gjennom samarbeidet med lyd-designar Asle Karstad. Med spesialdesigna effektkontroll kan kvar vokalist styra sine eigne effektar – frå det stille og nære til store lydlandskap i surround.

Konserten presenteres i samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter.

 

RSVP