DON BYRON QUARTET

fre 21. mar 2014 kl: 00:22 Sardinen USF
KJØP BILLETT

Fre 21 mar kl 21 (døren kl 20) Sardinen USF 180/120

Treblåsar i elitedivisjonen

DON BYRON saksofon, klarinett EDWARD SIMON piano CAMERON BROWN kontrabass JOHN BETSCH trommer

Innimellom langvarige samarbeid med Bill Frisell, utforsking av gospelmusikk, komponering for Kronoskvartetten, pop med Suzanne Vega og rock med Vernon Reid, har Don Byron beholdt ein kvartett med musikarar i verdsklasse, der han får brukt sin eigen fantasi og skapartrong. Ekstreme tekniske ferdigheiter vert blanda med sterke kompositoriske evner – resultatet står på akslane til Lester Young, John Coltrane og Eddie Harris – men energien og låtane er umiskjenneleg Don Byron.