ISUNGSET – JØRGENSEN – APELAND

tor 2. okt 2014 kl: 21:00 Sardinen USF
KJØP BILLETT

Stjernelag på Sardinen!

TERJE ISUNGSET perkusjon PER JØRGENSEN trompet, vokal SIGBJØRN APELAND tangentar

Tre av noregs framste improvisatorar møtest i melodisk kappestrid. Kvar for seg er dei leiande på sine instrument, saman kan kva som helst skje. Terje Isungset kjenner vi frå langt samarbeid med Karl Seglem, og i dei siste åra på isinstrument. Per Jørgensen er nok mest kjend for trompetspelet sitt i Jøkleba, men har bergensaner heilt attende til Bergen Bluesband. Organist Sigbjørn Apeland har bakgrunn frå kyrkjemusikk og folkemusikk, mellom anna i samarbeid med Nils Økland og Berit Opheim, men også som jazzimprovisator i 1982.

Dørene åpner kl 20:00
Billetter kr 200,- (ordinær) / 170,- (BT-kort) / 100,- (medlemmer)