BAJAZZFESTIVALEN: MEG OG KAMMERATEN MIN

lør 13. sep 2014 kl: 13:00
KJØP BILLETT

«En ny barneklassiker» (Aftenposten, terningkast 5)

MARTIN HAGFORS meg HÅKON GEBHARDT kammeraten min

Martin og Håkon vart kasta ut av musikalsk barnehage fordi dei bråkte for mykje. Dei måtte slutta i koret fordi dei song for høgt. Dei prøvde å spela songane fpr andre, men klarte det ikkje. Sidan dei ikkje hadde nokon andre å spela og synga med, byrja dei å spela trash-grass-musikk saman. Songane har dei laga sjølv, inspirert frå heile verda, og instrumenta dei speler på er mange – svært mange.

Martin Hagfors har sitt eige band, Home Groan og speler også med Cream of the crop, eller solo som Groan Alone. Han skriv musikk, tekstar og produserer plater for artistar som The National Bank, Askil Holm, Hellbillies, Respatexans, Crow Town, Motorpsycho, Bønkers, Rock Bottom, Bettan og mange andre. Martin speler også med duoen HGH, som har gjeve ut plater, og mellom annna spelt med Erik Bye.

Håkon Gebhardt er tidligare trommeslagar i det verdskjende rockebandet Motorpsycho, som han vart med i 1991. Motorpsycho har gjeve ut mange plater, fått Spellemannprisen og turnert i Europa, Japan og USA. Sidan 1999 har Håkon også jobba med HGH og har laga musikk til Barne-TV, og speler banjo med ”Bettan” Andreassen.

Dørene åpner kl 11:00
Barn under 2 år kommer gratis inn.

Les mer om Bajazzfestivalen her.

Bajazz er Bergen Jazzforum sin konsertserie myntet på barn og barnefamilier.

Målgruppen er fra spedbarn til 10 år, og har som intensjon å tilby opplevelser noe utenom den masseeksponerte barneunderholdningen og fremme tidlig rekruttering til musikkfeltet.

Musikerne er profesjonelle og vektlegger en åpen og musikalsk kommunikasjon med barnet. Bajazz er en idealistisk ikke-kommersiell virksomhet drevet av Bergen Jazzforum.