KORTREIST: REBIRTH OF THE COOL

tor 3. apr 2014 kl: 21:00 Sardinen USF
KJØP BILLETT

Tors 3 apr kl 21 (døren 20) Sardinen USF 150/50

Ruvande jazzhistorie!

OLAV DALE altsaksofon MICHAEL BARNES baritonsaksofon ARE OVESEN trompet FRED JOHANNESEN valthorn WIGGO VEA trombone KNUT RISER tuba DAG ARNESEN piano SIGURD ULVESETH bass FRANK JACOBSEN trommer

Det heile starta i kjellarleiligheten til Gil Evans, som etterkvart vart ein base for mellom anna Gerry Mulligan, Lee Konitz og sjølvsagt Miles Davis, der dei såg for seg nye måtar til å instrumentera orkestral musikk. Om verda ikkje var heilt klar for den nye, kule, perfeksjonerte stilen den gongen, så har det i ettertid blitt eit ruvande prosjekt og vesentleg for all moderne jazzmusikk. No blir musikken gjentolka av eit stjernelag av norske jazzmusikarar.