AIMING FOR ENRIKE

Intens progressiv fuzzpop!

SIMEN FØLSTAD NILSEN gitar TOBIAS ØRNES ANDERSEN trommer

Leikent par og antakeleg Noregs mest morosame duo for tida. Begge medlemmane har dyppa tærne meir ein ein gong i elektronisk minimalisme, improvisert jazz, dansbar funk og postpunk, men det er først med Aiming For Enrike at det heile lar seg kombinera i eit vanvittig liveformat. Med hjelp frå eit trommesett, tre gitarforsterkarar og eit breitt utval pedalar og loopboksar er det duka for ein musikalsk symbiose eigna til å ta pusten frå nokon kvar. Bandet vart også nominert som årets liveartist på P3 Gull, og har mellom anna levert bejubla konsertar på europaturné med Jaga Jazzist og spelt på scener frå Tromsø til Bangalore, inkludert strålande festivalopptredener på både Nattjazz og Øya i 2016.

Aiming For Enrike fekk solid respons for sitt andrealbum «Segway Nation» som kom ut i fjor, men allereie 27. oktober er duoen klare med oppfølgjaren «Las Napalmas», som kjem ut på det ferske plateselskapet Pekula. Plata er, utruleg nok, spelt inn 100% live i studio, med kun dei to musikarane saman i eitt rom. Torsdag 16. november får du oppleve denne unike energien og samspelet live, på ein av Bergens mest intime scener.

«Norges aller beste liveband slynges ut av undergrunnen med et vraltende, vrengende riffmonster av en singel.»NRK P3

Foto: Anne Valeur

 

 

RSVP