ATOMIC

INGEBRIGT HÅKER FLATEN bass HANS HULBÆKMO trommer HÅVARD WIIK piano FREDRIK LJUNGKVIST saksofonar, klarinett MAGNUS BROO trompet

Verdas beste liveband er tilbake på Sardinen! Når dei største lungene i skandinavisk jazz slår seg saman med verdas mest energiske rytmeseksjon veit vi at det er klart for konsert med Atomic igjen. Etter danninga i 1999 har bandet framstått som eit superband i ein ny skandinavisk generasjon, eventyrlystent og med utadvendt trøkk og groove. Ved å kombinera Håvard Wiik på piano, Ingebrigt Håker Flaten på bass og nykomar Hans Hulbækmo på trommer, med Stockholms frontlinje frå Magnus Broo og Fredrik Ljungkvist – er denne gruppa eit av dei friskaste ensembla på vegen i dette årtusenet. «…one of the worlds greatest jazz outfits» (Downbeat).

Billetter: 250,- / BT-fordel: 200,- (kun forhåndssalg) / Medlemsrabatt: 150,- inkl avgifter.
Praktisk informasjon

Konserten i samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter.

RSVP