BUGGE WESSELTOFT – IT’S SNOWING ON MY PIANO

It’s snowing on my piano – Dobbelkonsert 

I år er det 20 år sidan Bugge Wesseltoft ga ut si klassiske juleplate «It’s snowing on my piano». Dette feirar vi med dobbelkonsert i Peer Gynt-salen i Grieghallen, søndag 17. desember!

Med godt og vel 150 000 selde eksemplar, er juleplata «It’s snowing on my piano» ein gigantisk suksess i norsk jazz, og har seld jamt og trutt i tjue år. Ver budd på vakre og neddempa versjonar av våre kjæraste julesongar, kontemplativt men samstundes fylt av detaljer for den vakne lyttar. Perfekt medisin for å blåsa vekk akutt julestress!

Om det finns ein norsk musikar med definisjonsmakt langt utover jazzen, så må det vera Bugge Wesseltoft. I tillegg til å vera ein jazzvirtuos på tangentinstrument og å drifta plateselskapet Jazzland, har han vore ein pioner i å modernisera den elektroniske jazzmusikken. Samstundes har han funne tid til å produsera Jan Eggum og turnera med Jan Garbarek, berre for å nemna ein brøkdel av engasjementa hans.

Det blir to konserter, kl 18:00 og 20:30, søndag 17. desember i Peer Gynt-salen i Grieghallen.

Billetter til begge forestillingene er i salg nå.

Ordinær: 345,- / BT Fordel: 270,- (Utsolgt!)  / Medlem: 245,-

Bergrenset antall rabattbilletter. Maks 2 BT Fordel-billetter per kort, og 1 billett per medlemskap.

 


RSVP