BUS m/DAG ARNESEN – NORWEGIAN SONG

Bergen Ungdomsstorband (BUS) vart etablert av Bergen Kulturskole i september 2005 og er eit tilbod til spesielt interesserte og talentfulle musikantar i Hordaland mellom 12 og 19 år. Bergensar Dag Arnesen er veteranmusikaren som har funne ein eleksir som heldt musikken han spelar ung og forfriskande. Dei siste åra har han jobba mykje med norske folketonar, urnorske, med framføringar som er både tidlause og vakre – det er ikkje tilfeldig at Arnesens prosjekt har hausta mang ein samanlikning med Jan Johansson sin Jazz På Svenska.