ELIANE ELIAS

Brasiliansk bossa-tungvektar med amerikansk stjernekomp

ELIANE ELIAS piano MARC JOHNSON bass MAURICIO ZOTTARELLI trommer

Elias er ein av dei mest særprega pianistane som har kome fram på den internasjonale jazzscena dei siste tiåra. I si longe platekarriere har ho levert viktige bidrag til den instrumentale bossatriotradisjonen, ikkje minst med den ytterst smakfulle plata «Eliane Elias plays Jobim». I seinare tid har ho markert seg stadig sterkare som vokalist i god bossa nova-tradisjon, der ho syng både på portugisisk og engelsk alt etter kva situasjonen krev.

Konserten er eit samarbeid med BIMF