HEDVIG MOLLESTAD TRIO

Powerjazz i trioformat

HEDVIG MOLLESTAD gitar vokal ELLEN BREKKEN bass IVAR LOE BJØRNSTAD trommer

 
Hedvig Mollestad Trio speler i hovudsak eigenkomponert materiale, flankert av musikk frå jazzhistorien med ein eigen twist. Sjangersjongleringa tar bandet innom progrock frå 70-talet i tillegg til element av friare improvisasjon.

Hedvig Mollestad fekk prisen for Årets Jazztalent under Moldejazz i 2009 og danna denne trioen som eit resultat av dette.

Klassekampen skreiv: «Til dømes var det mykje artigare å høyra elgitaristen Hedvig Mollestad Thomassen fra Ålesund gje jernet i debutkonserten med sin eigen dyktige trio enn å høyra Jeff Beck gjennomføra ein rutinejobb.»