INLAND EMPIRE

KRIS DAVIS piano OLE MORTEN VÅGAN bass FREDRIK LJUNGKVIST saksofon, klarinett ØYVIND SKARBØ trommer

Kvar for seg kan dei fronta kva scene som helst – saman kan dei snart overta verda…
Kris Davis – ung pianist, nummer to på Downbeat-lista over dei mest lovande jazzmusikarane i verda og godt etablert med eigen trio og samarbeid med Tyshawn Sorey. Ole Morten Vågan – intens kontrabassist med røynsle frå Motif, Gammalgrass og Joshua Redman. I Fredrik Ljungkvist finn ein kanskje den mest allsidige og spanande treblåsaren i Skandinavia, ikkje minst saman med Atomic. Medan Øyvind Skarbø skulle vera velkjend frå 1982 og Bly De Blyant, samt ei mengde andre band i Bergen og landet forøvrig. Davis og Skarbø har planlagt dette bandet ei god stund, og no er det endeleg blitt verkeleggjort – Demokratiske og likestilte komposisjonar med improviserte utbrot.

Billetter: 200,- / 160,- (BT-fordel & Dealpass) / 100,-(medlem) inkl avgifter
Dørene åpner kl 20:00, konsertstart kl 21:00

Kjøp medlemskap i Bergen Jazzforum!

Konserten gjennomføres i samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter.

RSVP