JAN GUNNAR HOFF TRIO

JAN GUNNAR HOFF piano ANDERS JORMIN bass AUDUN KLEIVE slagverk

Pianist, komponist, arrangør og orkesterleiar Jan Gunnar Hoff vart i 2014 tildelt den prestisjetunge Buddy-prisen, norsk jazz si høgste utmerking. Som kritikarrost soloartist og i samarbeid med mellom anna Pat Metheny, Mike Stern og Alex Acuna har han turnert store deler av verda sidan debuten i 1976. Undervegs har han komponert ca 250 verk, mellom anna Tingingsverket til Vossajazz.  No har han med seg to favorittmusikarar i fersk trio og med ny musikk – Audun Kleive er ein trommeslagar i verdsklasse og ein kjær gjest i klubben, både som soloartist og med Jøkleba. Bassist Anders Jormin frå Bobo Stenson Trio og Charles Lloyd kompletterer det heile. Pianotrio med tre av dei mest spanande musikarane i Skandinavia.

Billetter: 220,- / Medlemsrabatt: 120,-
Praktisk informasjon

https://www.youtube.com/watch?v=RyrCGoxnpS0

Konserten presenteres i samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter.

RSVP