JAZZOUT: SEAMUS BLAKE MED SOLID

«Extraordinary, a total saxophonist.» – John Schofield

 

SEAMUS BLAKE saksofon BJØRN VIDAR SOLLI gitar HÅKON MJÅSET JOHANSEN trommer DANIEL FORMO orgel

 

Seamus Blake har siden han vann den prestisjefylte » Thelonious Monk International Jazz Saxophone Competition» i 2002 har karrieren til denne unge mannen verkeleg tatt av. Allereie då fekk han spele med Wayne Shorter og Herbie Hancock. Etter dette har han spelt med nokon av dei største innan jazzen i dag, Franco Ambrosetti, Dave Douglas, Jane Monheit, Kenny Barron, Sam Yahel, Kurt Rosenwinkel, Michael Brecker, Randy Brecker, Pat Metheny, Joe Lovano, Joshua Redman, Brad Meldhau, Larry Grenadier, Wayne Krantz, Jorge Rossy, Jack DeJohnette, Brian Blade, Jeremy Pelt, Eric Reed, David Kikoski og Al Foster, berre for å nemne nokon…

SOLID! er ein av dei mest spanande jazzeinhetene i Noreg. Bjørn Vidar Solli (gitar), Håkon Mjåset Johansen (trommer) og Daniel Formo (orgel) tar dette tradisjonsrike formatet inn i nye musikalske terreng med sitt interaktive samspel, inspirerte improvisasjonar og originale komposisjonar. I snart åtte år har SOLID! turnert omkring i verda og engasjert deira stadig voksande publikum og no kjem dei altså hit til Bergen saman med Seamus Blake.
Her bør ein møte opp tidleg, få gratiskonsertar her i landet er vel så verdt å få med seg som denne!