JOEY CALDERAZZO & REFRACTION

JOEY CALDERAZZO piano ANDERS MORTENSEN piano CASPER FREDERIK MENZIES saksofon JESPER THORN bass SNORRE KIRK trommer

Refraction er eit moderne jazzband danna av studentar frå Rytmisk musikkkonservatorium i København. Ved å blanda ei intens og fysisk New York-kraft med ein meir subtil skandinavisk estetikk har dei funne ein distinkt og eigen musikalsk veg. Med sine eigne tilnærmingar presenterar dei det meste frå skeive taktartar til såre balladar, frå meditative tema til rett fram energi. I 2006 vann dei den årlege ”Ungjazz-konkurransen” til Copenhagen Jazzhouse. Joey Calderazzo er ein særeigen pianist med ei rekke eigne plater såvel som samarbeid med Michael Brecker og Branford Marsalis.

http://www.myspace.com/joeycalderazzo

Etter konserten blir det Musikk på roterommet i Tilbygget.