KARTELLET

KJETIL MØSTER saksofoner EIRIK HEGDAL saksofoner STEPHAN MEIDELL gitar PETTER VÅGAN gitar ØYVIND SKARBØ trommer ØYVIND HEGG-LUNDE trommer

Bergen huser nokon av dei fremste improvisasjonsmusikarane i verda. Når dei får med seg Petter Vågan frå mellom anna eyewaterlillies, og Eirik Hegdal frå Dingobats og Trondheim Jazzorkester, er bordet dekka for det energisk uventa. Saksofonist Kjetil Møster er ein sjangersjonglør som finn seg vel til rette både som popstjerne i Datarock, og som kompromisslaus frijazzar. Resten av bandet er kjente fjes frå BMX, Krachmaker, Jacon og The Sweetest Thrill.