LARRY CARLTON QUARTET

Bergen Jazzforum er stolte over å kunne presentera ein av verdas største gitarlegendar på opningsdagen for ein fabelaktig jazzvår.

LARRY CARLTON gitar GENE COYE trommer TRAVIS CARLTON bass DENNIS HAMM tangenter

I 2011 plukka Larry Carlton med seg sin fjerde Grammypris i ei karriere over tre tiår med 30 plater under eige namn, og som sidemann på over 100 plater som har seld til gull eller platina, mellom anna Steely Dan (Kid Charlemagne frå 1976 har vore lista som verdas tredje beste gitarsolo av Rolling Stone Magazine), Michael Jackson, Joni Mitchell og Dolly Parton. Han har vore medlem i The Crusaders og supergruppa Fourplay. Sjølv om Larry Carlton har vore overalt i pop- og rockverda har han aldri gløymd jazzrøtene sine – ver budd på ein smakfull og blendande virtuos konsertkveld.