MARIA JOÄO & MÀRIO LAGINHA

Leikande og eksplosivt

MARIA JOÃO vokal MÀRIO LAGINHA flygel

Då Maria João spelte inn si første plate i 1983 var det Laginha som var pianisten, og samarbeidet deira har no vart i over 25 år. Sjølv har ho snart 20 plater i eige namn og har mellom anna jobba med Joe Zawinul og Jan Gunnar Hoff. Med ein melankolsk nerve frå fadoen og ei stemmeprakt på høgoktan er dette perfekt å varma seg på ein haustkveld.

Konserten vert arrangert saman med Bergen Internasjonale Musikkfestival

Wikipedia-artikkel om Maria João
Maria João på YouTube