MOTIF

Superlag frå norsk jazz

ATLE NYMO saksofon, klarinett EIVIND LØNNING trompet OLE MORTEN VÅGAN bass HÅKON MJÅSET JOHANSEN trommer HÅVARD WIIK piano MICHAEL THIEKE klarinett

Med fokus på groove vil bandet gje publikum ei oppleving med nesten telepatisk interaksjon, eksploderande rytmar og vakre balladar. Sidan starten i 1999 har Motif vore eit band som kontinuerleg krysspollinerar ulike stilar, enten det er frie parti eller element frå popmusikk – alltid med energi og trøkk! Blandinga av komponert musikk og improviserte strekk dannar ryggraden i bandet, og gjev nokre av våre mest respekterte musikarar ein sjanse til å verkeleg visa kva dei er gode for.

http://www.myspace.com/motifmotif