STEVE LEHMAN & SÉLÉBÉYONE

HPRIZM røyst (engelsk) GASTON BANDIMIC røyst (wolof) STEVE LEHMAN altsaksofon, komponist MACIEK LASSERRE altsaksofon CARLOS HOMS tangentar DREW GRESS bass JACOB RICHARDS trommer

Du treng ikkje vita noko om elektroakustisk spektralkomposisjon for å oppleva Steve Lehman, men du vil definitivt høyra at det er vilt, vakkert, presist – og annleis. Med bakgrunn frå studier av klassisk musikk og eit hjarte for kreativ framtidsjazz med bruk av elektronikk, er han rekna som ein pioner i jazzen og har mottatt ei drøss med priser for dei siste platene sine. Forutan eigne prosjekt har han samarbeida tett med så ulike artistar som Anthony Braxton og Meshell Ndegeocello. Sidan 2015 har samarbeidet med Sélébéyone skapt ei fantastisk blanding av senegalesisk rap, moderne jazz og undergrunnshiphop. Debutplata havna på «Top 10 CDs of 2016» av NPR Music.

Sélébéyone sto på Moldejazz-programmet i sommar, og sto i følge både Dagbladet og Jazzwise Magazine for ein av dei beste konsertane på årets festival:

«Sélébéyone er festivalens frekkeste booking av året, en frenetisk fusjon av hiphop og avantgardistisk jazz.» – Dagbladet / Kim Klev

«…this five-piece delivered one of the festival’s prime sets, supple and sleek, marrying rigorous twin-saxophone themes (alto/soprano) to an involved beat structure that combined electro-beats with Damion Reid‘s live twitch-drumming. The rappers are atypical types, HPrizm (of Antipop Consortium) adopting the US weird-hop stance, and the Senegalese Gaston Bandimic turning his Wolof tongue into part of the phonetically complex barrage. This is radical rap, forming the ideal fusion with radical jazz, providing a rare alternative to most of the previous stylish funkoid attempts, down the decades.» – Jazzwise / Martin Longley

Konserten presenteres i samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter.


RSVP