SUPERSILENT med STIAN WESTERHUS

STÅLE STORLØKKEN keyboard/elektronikk HELGE STEN gitar/keyboards/elektronikk ARVE HENRIKSEN trompet/trommer/elektronikk STIAN WESTERHUS gitar/elektronikk GEIR ØSTENSJØ lyd

Supersilent har i ei årrekkje vore leiande på den internasjonale improscena, og er eit band som aldri ser seg tilbake i si jakt etter nye musikalske landskap. Kvar for seg er dei verdsleiande på eigne instrument, saman leverer dei stadige mesterverk. Denne runden har dei med seg gitartrollmann Westerhus, kjend frå mellom anna Puma og Monolithic og Nils Petter Molvær.