TERJE RYPDAL/PALLE MIKKELBORG/MARIUS RYPDAL

Generasjonsmøte!

TERJE RYPDAL gitar PALLE MIKKELBORG trompet MARIUS RYPDAL trommer, elektronikk

Få gitarister i verda har eit sound som er så umiddelbart attkjenneleg som Terje Rypdal. Gjennom heile karriera har han vore ein vesentleg bidragsytar i både jazz, rock og samtidsmusikk og nyt stor respekt i alle leirar. Smått legendariske Palle Mikkelborg er kjend for samarbeid med mellom anna Miles Davis og NHØP, og har ei karriere som strekk seg over fleire tiår. Yngste Rypdal gjer slett ikkje skam på namnet sitt, og har travle dagar som produsent, lyddesignar og trommeslagar, mellom anna for Ravi og The Lovethugs.

http://www.youtube.com/watch?v=gCbwavpFwJo