TINARIWEN

IBRAHIM ag ALHABIB vokal/gitar/fløyte TOUHAMI ag ALHASSANE vokal/dans/klapp ABDALLAH ag ALHOUSSEYNI vokal/gitar EYADOU ag LECHE vokal/bass/gitar ELAGA ag HAMID vokal/gitar SAID ag AYAD vokal/perkusjon JAVIER MAILLET lyd

Tinariwen er poetane og rebellane som gjev ørkenbluesen eit andlet. Frå sørsahara kjem bandet med sår og intens musikk som blandar rock, seig blues og tuaregtradisjon, med trendy herjande groove. Bandet har ei dramatisk forhistorie og vart danna i ein flyktningeir, har deltatt i fridomskamp og er i dag eit viktig symbol for tuaregane. I dag er Tinariwen mellom dei største afrikanske suksessane og har nådd eit publikum langt utanfor world music-krinsane.