TRONDHEIM JAZZORKESTER – SIDEWALK COMEDY

KIRSTI HUKE vokal MARTIN KÜCHE saksofon ROLF ERIK NYSTRØM saksofon EIRIK HEGDAL saksofon ØYVIND BRÆKKE trombone DANIEL FORMO hammondorgel MATTHIAS STÅHL vibrafon OLE MORTEN VÅGAN bass TOR HAUGERUD trommer BENGT CARLING/KERSTIN LINDGREN performance MARIANNE THALLAUG WEDSET lysdesign

Ensembelet er mellom dei viktigaste og mest kreative i Noreg, og samlar dei fremste jazzprofilane vi har i landet. Gjennom åra har dei samarbeida tett med verdsstjerner som Chick Corea og Pat Metheny, men også skapt ein stad for norske musikarar til å skrive for større band. Kreativitet, humor og telepatisk samspel!
I dette prosjektet, som vart fremførd på Vossajazz 2011 til ellevill jubel, foregår alt heilt akkustisk og ikkje nødvendigvis berre fra scena. Det er drivande swing og kreativ samrøyrsle i alle ledd. Ei unik oppleving for både øyre og auge.