FINSEJAZZ: CRAB IS CRAP feat PER JØRGENSEN og STÅLE STORLØKKEN

Trommeduo med påbygg

ØYVIND HEGG-LUNDE trommer ØYVIND SKARBØ trommer STÅLE STORLØKKEN tangentar PER JØRGENSEN trompet, røyst

Crab is Crap var opphaveleg tufta på ein ide om at det kanskje kunne lagast fin musikk med kun to trommesett. Resultatet vart veldig spanande; stygt, songbart, dronete, eksperimentelt, dansbart; i det heile det meste den musikalske uttrykkspaletten kan by på. Duoen har vore ein kjempesuksess på barne- og familiekonsertar dei siste åra og har henta namnet sitt frå ei gambisk husmor som høglydt proklamerte at krabber det var noko drit. Undervegs har dei samarbeida med Håkon Kornstad og Terje Isungset. I høve Nattjazz har dei utvida med Ståle Storløkken, superkeyboardist frå Elephant9, Supersilent, BOL og Motopsycho, og Per Jørgensen frå Jøkleba. Musikalsk leik og virtuost samspel.