FINSEJAZZ: STEIN TORLEIF BJELLA

Heidersmann på høgfjellet

Solodebuten “Heidersmenn” i 2009 hausta applaus hjå kritikarar og publikum, og artisten fekk raskt merkelapp som dei “tause menns talsmann”. Bjella pirkar i eige liv og i det han observerar rundt seg. Det være seg innegubbar, jordsjuke eller at kjærleiken er enklast når han er på avstand. Sidan suksessen med “Heidersmenn” har ikkje tekstane blitt lystigare, om noko er kanskje melankolien enno meir framtredande med tristvakre viser av heilstøpt kaliber.