ATOMIC + VANDERMARK 5

Helaften med dobbeltkonsert

 

ATOMIC

INGEBRIGT HÅKER FLATEN bass PAAL NILSSEN-LOVE trommer og perkusjon HÅVARD WIIK piano FREDRIK LJUNGKVIST saksofon, klarinett MAGNUS BROO trompet

atomic

Når dei største lungene i skandinavisk jazz slår seg saman med verdas mest energiske rytmeseksjon veit vi at det er klart for konsert med Atomic igjen. Etter danninga i 1999 har bandet framstått som eit superband i ein ny skandinavisk generasjon, eventyrlystent og med utadvendt trøkk og groove. Ved å kombinera den nyskapande rytmeseksjonen med Håvard Wiik på piano, Ingebrigt Håker Flaten på bass og Paal Nilssen-Love på trommer – ein kombinasjon som fått strålende merksemd som kultgruppa Element – og med Stockholms frontlinje med Magnus Broo og Fredrik Ljungkvist, er denne gruppa eit av dei friskaste ensembla på vegen i dette årtusenet.

 

 

VANDERMARK 5

TIM DAISY perkusjon DAVE REMPIS saksofoner KENT KESSLER bass FRED LONBERG-HOLM cello KEN VANDERMARK treblås

Ken Vandermark danna bandet våren 1996. Siden den gong har han brukt ensemblet som et redskap for å generera nye ideer om komposisjon og improvisasjon, noko som har førd til at referanseverket Penguin Guide to Jazz on CD, kaller gruppa «a modern-day band for the jazz ages.» Bandets noværande medlemmer har alle hatt fleire års erfaring med et breidt utvalg av musikk og musikarar. Kvaliteten hjå bandet speglar kva Vandermark kan komponera for dei, han hentar element frå jazzhistoria, frå moderne komposisjon, funk og rock, men heile tida med blikket retta framover.