JAZZOUT: VIJAY IYER TRIO

“One of today’s most important pianists… extravagantly gifted”.

 

VIJAY IYER pinao STEPHAN CRUMP bass MARCUS GILMORE trommer

 

Vijay Iyer blir av mange sett på som ein av dei viktigaste jazzmusikarane og komponistane under 40 i dag. Den sjølvlærte pianisten er ein av dei mest utfordrande og originale i sin sjanger, og har spelt med blant anna Pharoah Sanders, Steve Coleman, Butch Morris, George E. Lewis og mange fleir. Musikken hans dekkar eit so vidt spekter av muikken generelt, at det er vanskeleg å tru at alt saman kjem frå same person. Nemneverdig er det vel og at han er Steinway-artist.

No kjem Iyer til Bergen med hans eigen trio, ein trio som blant anna har levert eit av dei albuma som fekk best kritikkar i året som gjekk. Dei har ein grenselaus groove som sit som støypt i kroppen, sjølv om bandet heile tida utforskar og utfordrar grensene innan musikken.