HÅVARD WIIK TRIO

HÅVARD WIIK piano OLE MORTEN VÅGAN bass HÅKON MJÅSET JOHANSEN trommer

Håvard Wiik har på diskré vis markert seg som ein av Noregs mest spanande og dyktige pianistar. Han legg for dagen ei ustanseleg musikalsk nyfikne, og rår over eit stilistisk register av sjeldan breidde. Si allsidige side har han synt som Artist in Residence under Moldejazz, som pianist i Atomic og Motif, og samarbeid med mellom anna Håkon Kornstad. Med seg har han Håkon Mjåset Johansen frå Come Shine og bassist extraordinaire Ole Morten Vågan, kjend frå mellom anna Trondheim Jazzorkester og Gammalgrass.

 

Dørene åpner kl 20:00

Billetter: 200,- / 170,- (BT-kort) / 100,- (medlem)

I samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter

RSVP